Bokmeldinga er skriven av Vidar Lund.
Tittel: Brakk
Forfatter: Sigmund Løvåsen
Forlag og år: Samlaget, 2006
ISBN: 82-521-6521-4
Sterk ungdomsskildring
Brakk er ein frittståande oppfølgjar av Nyryddinga (2003), ei bok som fekk særs gode kritikkar og fleire prisar.
I Brakk er Geir vorten 19 år. Faren, som i Nyryddinga vart sjuk og måtte selje garden, er død. Geir har kjøpt eit lite småbruk, og set i gang med sauehald. Mora er skeptisk, og ønskjer helst at Geir skal ta ei utdanning mens han enno er ung.