Bokmeldinga er skriven av Vidar Lund.
Tittel: Under brua
Forfattar: Marita Liabø
Forlag og år: Gyldendal, 2006
ISBN: 82-05-35356-5
Denne boka er ei av dei råaste kjærleiksskildringane eg har lese dei siste åra.
Simon er ein utflytta sogning med gjennomsnittskuk. Han er ein av dei unge og dynamiske som jobbar med systemutvikling i hovudstaden, men som finn ut at no må noko skje. Han reiser til Tromsø på ferie, og det er der boka byrjar – med ei av dei eklaste sexscenene eg har lese. Eg skal ikkje røpe meir enn at ho inkluderer moldedialekt og spying. Derifrå går det nedover, med slåsting med albanarar, tjuveri av whisky og noko som i grunnen er eit sjølvmordsforsøk.
Så vaknar han. Ved sidan av sjukesenga sit Sunniva, som ved eit tilfelle var nedom hamna den kvelden og fann han. Resten av boka er historia om kva som skjer etter at han møtte henne. Den umoglege kjærleiken – som kanskje er mogleg lell? Iallfall gjer Simon sitt beste, trass i svenskar, sogningar og grotesk og særs direkte humor.
Boka greip meg av fleire grunnar. For det fyrste – Liabø klarer å gje eit truverdig bilete av korleis det er å vera mann i vår tid. Ho må ha gjort grundige utspørjingar av vener og kjende der… Boka klarer òg å ta opp i seg spørsmåla kring det urbane, såkalla dynamiske livet i hovudstaden. Er no i grunnen det livet verdt så mykje i seg sjølv? Andre verdiar kan vel vera viktigare? Når eg skriv dette ser eg at det ser ganske banalt ut, men Liabø klarer å tilføre noko nytt her. Eg trur at grunnen til at denne boka fjetrar slik er den rå humoren, samstundes som ho set kjenslene til mannen i fokus. Og det måtte ei kvinne til å gjera det…
Finn boka hos Sør-Varanger bibliotek.
15. april 2006 at 16:03
Takk for bokmelding! Eg har lese mykje om denne boka og forstår at det er ei bok eg bør få med meg. Interessant at forfattaren har gått frå å skriva bokmål til over til nynorsk.