Brakk (Sigmund Løvåsen, 2006)

By bokmelding

Brakk

Bokmeldinga er skriven av Vidar Lund.

Tittel: Brakk
Forfatter: Sigmund Løvåsen
Forlag og år: Samlaget, 2006
ISBN: 82-521-6521-4

Sterk ungdomsskildring

Brakk er ein frittståande oppfølgjar av Nyryddinga (2003), ei bok som fekk særs gode kritikkar og fleire prisar.

I Brakk er Geir vorten 19 år. Faren, som i Nyryddinga vart sjuk og måtte selje garden, er død. Geir har kjøpt eit lite småbruk, og set i gang med sauehald. Mora er skeptisk, og ønskjer helst at Geir skal ta ei utdanning mens han enno er ung.

Vi følgjer utviklinga gjennom eit år. Vi ser korleis Geir klarer seg gjennom vårflaumen, korleis han strevar med å finne beite til dyra og elles korleis gardsdrifta går. Broren hjelper til med hesjing, steinplukking og foring, Geir er det store førebiletet når faren er borte. Likevel, det viktigaste er korleis Geir heile tida går og vekslar mellom livet som det er og korleis livet var og ville vori med faren til stades. Sjølv om faren er borte, lærer Geir gardsdrift av å hugse korleis han gjorde det.

Boka er lettlesen, og Løvåsen har eit medrivande språk trass i at det er ein del landbruksuttrykk frå Austlandet som gjer at ein må tenkje seg om. Litt tenking har vel aldri skada nokon…

Finn boka hos Sør-Varanger bibliotek.

Skriv et svar