Bokmeldinga er skriven av Vidar Lund.
Tittel: Grand Manila
Forfattar: Kjartan Fløgstad
Forlag og år: Gyldendal, 2006
ISBN: 82-05-35924-5
Gripande historier
Kjartan Fløgstad er ein stor forfattar, gå og les! Eigentleg kunne denne bokmeldinga vorti så kort. Så bra er denne boka. Ho spinn frå ei industribygd på Vestlandet, er innom innbördeskriget i Finland etter den russiske revolusjonen, giftkatastrofen i Bhopal i India, norsk musikkliv og McChartyismen! Ikkje lite på 411 sider.
Likevel klarer Fløgstad på finurleg vis å gjera galskapen truverdig. Folk har utruleg samansette historier berre ein tek seg tid til å sjå bak fasaden. Eg trur òg – utan å ha sjekka det – at Fløgstad har mykje å fara med når det gjeld dei faktiske opplysningane han kjem med i boka. T.d. kor grusam den kvite terroren var etter den finske borgarkrigen, kor kyniske dei globale industriselskapa er og kor galen ein kan bli av å jobbe som byråkrat i heile sitt liv… Les boka!
Bestill boka frå Sør-Varanger bibliotek (berre for dei med lånekort)
22. februar 2007 at 16:46
Jeg har lest boka, og synes den er storslagen!! Sjekket en del av opplysningene om den finske borgerkrigen, og det ser ut til å stemme det. Ble veldig engasjonert av å lese den og forsøker å “selge” den så mye som mulig på biblioteket her i Honningsvåg.
Cathrine