Tittel: Bokbussdetektiven og mysteriet med dei forsvunne bøkene
Originaltittel: The mobile library : the case of the missing books
Forfatter: Ian Sansom (omsetj. Tove Bakke)
Forlag og år: Baskerville, 2007
ISBN: 978-82-8187-006-2
Endeleg ein bibliotekarhelt!
Israel Armstrong er ein jødisk-irsk engelskmann som endeleg har fått seg jobb. Han skal bli biblioteksjef i den vesle nordirske byen Tumdrum i Rathkeltair kommune. Boka startar når han endeleg er komen til biblioteket og finn eit oppslag frå kommunen: “Rathkeltair kommune orsakar å måtte varsle nedlegging av Tumdrum bibliotek med verknad frå 1. januar 2005″. Det får ein kalle ein dårleg start i ein ny jobb!
Det viser seg at den elles så effektive og byråkratiske kultursjefen Linda Wei har gløymt å informere han om at han no ikkje er biblioteksjef, men bokbussbibliotekar. Det skal bli lettare sagt enn gjort – han finn bussen og sjåføren, men det er fritt for bøker… Dei skulle flyttast frå biblioteket og over i bussen, men eitt eller anna har skjedd på vegen. Kven kan vera interessert i å stela 15.000 bøker??
Dette er ei morosam bok, ein må nesten kalle det humoristisk krim. Eg flira godt mange gonger då eg las, om det var av di eg kjende meg att skal vera usagt. Det er iallfall godt å sjå ein krim der ein bibliotekar er helten, dei finst det ikkje mange av. Om han finn att bøkene? Det får du finne ut av sjølv ved å lesa boka, men ein finn iallfall ut at biblioteket har mykje å seie for folk flest.
Dette er ein serie, eg vonar at fleire bøker blir omsette til norsk!
Bestill boka frå Sør-Varanger bibliotek (berre for dei med lånekort)
Boka er omtalt av Vidar Lund.